Eg er ikkje noko stor fotballfan, heller tvert imot. Spør du meg om når og kven som skal spele kamp i kveld og du blir møtt av mitt ekstremt tomme blikk. Men litt får eg med meg. Blant anna forskjellsbehandlinga i dekkinga av kampane til det norske dame- og herrelandslaget. Medan vi følgjer kvalikken til VM herrer før, under og etter kampen så kjemper damene seg mot finaleplass i EM i all stillhet.
Så kvifor er det slik at damelandslaget, som kan vise til fleire mesterskap enn herrene, ikkje får den samme pressedekkinga? Er ikkje dame og herre fotball likeverdige idrettar?
Herrene sine kampar får vi følge direkte på TV. Mange kampar frå både EM og VM blir vist på TV sjølv om Noreg ikkje har kvalifisert seg til å spele. Men når damene har kvalifisert seg til EM så er det ikkje nokon norske TV kanalar som er viljuge til å bla opp for å vise kampane frå turneringa. NRK syntes det i utgangspunktet var for dyrt. No når damene skal spele semifinale gjer NRK eit forsøk på å kjøpe rettigheiter til å vise dei to siste kampane, dette ifg VG. Men kanskje er det for seint. Lytt til radio er eit godt råd her. Der har alle kampane vorte overført direkte.
Herrefotball har lange tradisjonar og har ei sterkare tilknytning til vår kulturelle arv enn damefotball. Eg har som nevt lita interesse for fotball, og enda mindre greie på det. Men så pass veit eg at det der prestasjonane som er viktig. Så kvifor ikkje vie meir TV-tid til det laget som faktisk presterar. Det laget som vinn kampar og kvalifiserar seg til sluttspel. Det er jo typisk norsk å være best, så då bør vi kanskje få sjå dei beste også.
Hmmmm. Du er nok inne på det selv. «Herrefotball har lange tradisjonar og har ei sterkare tilknytning til vår kulturelle arv enn damefotball.» Dessuten er damefotball ikke like kult å se på som herrefotball. Omtrent på samme måte som damehåndball er mye bedre å se på enn herrehåndball (håndballherrene tar to skritt over en bitteliten bane og skyter, damene SPILLER et spill – langt mer fascinerende). Damefotball har vært med oss noen få tiår, herrefotball har vært her en evighet. Derfor har de også et forsprang sportslig, og når herrefotball er mer kommersielt interessant enn damefotball får de mer penger og forspranget øker. For å nevne noe.