aug 18

Eg har ein draum - om høg valgdeltakelse den 14. september i håp om at det blir eit klart fleirtal som skal regjere dei neste 4 år.

Eg har ein draum – om å vinne i amerikanar neste gong eg er på hytta.

Eg har ein draum…

Eg har ein draum – om at familie og venner held seg friske, og at deirar vennar også er friske.

Eg har ein draum – om ein fin haust med nok nedbør til å fylle vassmagasina på fjellet.

Eg har ein draum – om snø på julafta og ein passe kald vinter.

Eg har ein materalistisk draum – som omhandlar ei teleskopfiskestang som er lita nok til å passe inn i hanskerommet til ein topplaus to-seter. Ein kjølebag i bagasjerommet er heller ikkje å forakte.

Eg har ein draum – om at bestanden av uer og kysttorsk skal ta seg opp igjen.

Eg har ein draum – om mindre flott i marka.

Eg har ein draum – om at Frp, med sin tegneseriepolitikk, skal bli eit miniparti igjen.

Eg har ein draum – om at alle sjekkar ungane for lus minst ein gong i månaden.

Eg har ein draum – om å vinne stor gevinst i lotto.

Eg har ein draum – om at det verkeleg vært større takhøgde i den norske kyrkja.

Eg har ein draum – om at folk kan klare å bære med seg heim tomembalasje og ikkje berre sleppe den ned på gata der dei står eller stikke det under ein stein på fjellet.

Eg har ein draum – om at røykjarar kan ha med sitt eige askebeger slik at dei slepp å knipse rundt seg med sigarettstumpar.

Eg har ein draum – om å finne ein god robåt som og er lett å dra på land.

Eg har ein draum – om at syklistar ikkje skal oppføre seg som knehøner i trafikken.

Eg har ein draum – om at bilførarar sluttar med å sjå raudt når det er ein syklist i vegbana.

Eg har ein draum – om at dei som trenar på rulleski etter vegane kunne bruke rulleskibana som er laga i bymarka.

Eg har ein draum – om at eg skal byrje å trene, litt iallefall.

Eg har ein draum – om fred på jord.

Eg har ein draum – om at dersom vi alle bidreg litt, so kan vi avverge klimakrisa.

Eg har ein draum – om at vi alle kan respektere vår medmenneske uavhengig av religion, rase, kjønn eller politisk ståstad.

Eg har ein draum – om at bloggen min har betydning og gjer ein forskjell.

Leave a Reply

*
preload preload preload
Blogglisten