jul 10

Ikkje mange dagane igjen til ungdom får heile Norden, og litt til, møtes i Breim i Sogn og Fjordane. Onsdag 22. juli blir det hektisk aktivitet med å få satt opp telta på riktig måte. Eg skal også delta, i år som instruktør for aktiviteten leiravis.

Det er nesten jubileum for meg i år, sidan det er 24 år sidan eg holdt mitt fyrste kurs. Den gong på 4H fylkesleir på Nordfjordeid. Då som no, skal eg ha med meg min gode venn Hans Otto Nesbø. Temaet for det fyrste kurset var «foto og mørkeromsarbeid», på dette kurset skal vi lage leiravis. Det er slutt på å stå i ein mørk kjellar og søle med kjemikaliar. Med digitale kamera er det raskt og enkelt å overføre bilete til macén. Sett opp artikkelen i indesign og så sett pressa i gang. Det er ein av fordelane med den teknologiske utviklinga. Vi får med oss sol og finvêret (som det alltid er på leir :-D ).

Å vere kursinstruktør er ein frivillig aktivitet. Men du så kjekt det er å kunne formidle kunnskap til ungdom som er lærevillig. Ein må prøve det for å forstå den gode følelsen. For meg som er 4H alumn blir det ekstra kjekt å komme på leir og møte igjen likesinna. Det blir vel å sette opp telt, men soveposen blir nok liggande mykje aleine.

Eg gler meg til å komme på Nordisk 4H leir på Breim. Det samme trur eg dei rundt 1.700 ungdomane frå Kamerun, Ghana, Gambia, Estland, Latvia, Karelen (Russland), Wales, Skottland, England, USA, Sveits, Costa Rica, Taiwan, Tyskland, Danmark, Finland og Noreg vil gjere.

Lenkjer:

Nordisk 4H leir

Norske 4H


Leave a Reply

*
preload preload preload
Blogglisten