Litt stolt og veldig fornøgd over at eit av mine bilete får panser-eksponering i reklame for Telenor. Av og til er det faktisk slik at ein har eit blikkskot som nokon faktisk har bruk for.
Det var ordentlig vinternatt. Av den kalde typen, der du kjenner at batterikapasiteten svinnhen med ein gong du skrur på kameraet. Nåvel. Utan meir dramatikk tok eg nokre bilete av «vinternatt over Trondheim». Varmen fekk eg raskt tilbake inne i bilen igjen. Og bileta vart eg rett så fornøgde med. Det er jo øje-løje å friske opp fotohobbyen av og til. Arbeid i mørkerommet har blitt noko heilt anna no enn då eg starta med fotografering. Borte er lukta av kjemikaliar og famling i mørkre. No sit eg i stova med «det digitale mørkerommet» – takk Adobe og Steve Jobs.

So ein varm sumardag ringde Terje hos Steam meg. Terje er ein gamal kompis frå storheitstida til Nordfjord Nærradio. Terje trengte eit bilete av Trondheim for ein kunde. Sidan eg var lokalkjend, så visste eg sikkert av nokon som hadde det eller som kunne skaffe det. Og det kunne eg jo.
Då eg i vinter stod på ein haug i mørkre og praktisk talt hadde stjerner både over og under meg so var det verken Trondheim Energi eller Telenor eg hadde i tankane mine. Langt i fra at nokon faktisk kunne få bruk for dei bileta eg tok. Det eg kjende på var gleda over å fotografere og spenninga i om bileta blir så bra som ein forestiller seg.
Link til bilde og spott følger under. Klikk så på «Trondheim Energi – Mobilt Breddebånd».