Av og til lastar ein ned app’s som skil seg ut. Slike som faktisk gjer ein forskjell. Denne gong vil eg hylle Flipboard – ein app der eg samlar straumar frå twitter, facebook, aviser og meir.
«Tid er penger» – seier eit gamalt jungelord, og skal ein spare tid så er dette den rette app. Frå før har eg lasta ned eigne apps for dei største mediahusa. Og ein brukar litt tid på å åpne, bla igjennom nyhenda, lukke, åpne neste app – og slik går no dagane. Men med Flipboard er det enklare. Her får ein legge inn RSS-straum til favoritt avisene. Koble den opp mot twitter og facebook kontoen. Alt på ein stad.
Faktisk er denne app betre å lese innlegg på FB enn FB sin eigen app. Kanskje fordi eg er så sær at eg ikkje er interessert i statusmeldingar som «alle» andre liker eller kommenterer. Eg vil heller lese eit tverrsnitt av statusmeldingar til mine venner.
Flipboard gjer seg god nytte av RSS-straumar. Det gjer at du f.eks kan lage dine eigne straumar. Nyttar du Google reader kan du tilpasse dine straumar etter ditt behov. Eg kan iallefall anbefale denne app.
Her er lenker til and
re som har skreve om Flipboard