Eit år i Straum – er ein liten hyllest til bygdene i Noreg. Folk i bygdene er med på å definere Noreg til den nasjonen vi er. Dei aller fleste som bur i byane har ei eller annan tilknytning til ei bygd.
Gjennom eit år har eg teke eit oversiktsbilete over Straum. Ei lita bygd i Roan kommune i Sør-Trøndelag. Det er ei ganske typisk bygd. Brått er den der når du rundar neste sving, med 50-sone, ein liten butikk der du får kjøpe mjølk, egg, verktøy – og levere tippelappen. Etter 5 minutt har du passert bygda. Når du kjem til neste har du kanskje gløymt den forrige. Men dei er der alle saman. Mange små, men viktige, samfunn i storsamfunnet.
Bildegalleriet mitt Straum – året 2009 er ein hyllest til alle små bygder i Noreg.



Siste kommentarer