Sist helg var eg i eit hyggjeleg lag med mange venner. Det var framleis tidleg på kvelden då eg satte meg ned saman med ein tidlegare alliert innan ungdomspolitikken som no sit i kommunestyret. Sjølv om det snart er valg så drista vi oss til å diskutere samanslåing av skular. - Dette er eit tema som ingen vågar å ta opp rett før valget, seier ho. Eg har heile tida meint at det er viktig for bygdene og bra for ungane at skulane i bygdene blir opprettholdt – no er eg ikkje heilt sikker lenger.
Det er ofte mykje følelsar som blir vekka til live når forslag om samanslåing av skular blir lagt fram. Følelsar er vanskeleg å argumentere imot. Men som alt anna kan vi gjere ei økonomisk tilnærming på problematikken:
Kommuneøkonomi: Det er enkel mattematikk.
Eit bygg er rimeligare å vedlikeholde enn to bygg.
Eit bygg gjev færre kvadratmeter å varme opp enn to bygg. Dersom ein må bygge ein ny skule for å få plass til alle elevane vil ny teknologi framleis gi lavare kostnad til oppvarming.
Konklusjon: Samanslåing lønner seg økonomisk for kommuna.
Undervisningsøkonomi: Kor mykje oppfølging får kvar enkelt elev i ein liten skule med få elevar i forhand til ein skule med mange elevar?
I ein liten skule er det vanlig at to trinn delar klasserom og lærar. Så i ein normal undervisningssituasjon er det ein lærar som skal undervise i to ulike pensum. Dersom det t.d. er 12 elevar på kvar trinn blir det ikkje mykje tid til kvar enkelt elev. Reknestykket blir omlag slik:
En undervisningstime = 45 min
Delt på to ulike pensum: 45/2= 22,5 min
÷ Fellesundervisning pr pensum: 22,5 ÷ 10,5 = 12 min.
Induviduell oppfølging pr elev. 12 / 12 = 1 min
I ein større skule med «reine» trinn blir reknestykket slik:
En undervisningstime = 45 min
Fellesundervisning: 45 ÷ 10,5 = 34,5 min
Induviduell oppfølging pr elev: 34,5/24 = 1,4 min
Større einingar gjev altså meir tid til den enkelte elev. Det som eg ikkje har tatt hensyn til her er klassedelt undervisning. Dvs at det er to lærarar tilstades i ein time. Reknestykket blir litt meir komplisert:
Døme: Ett trinn, 24 elevar
Skuletime = 45 min
Fellesundervisning; 10,5 min
Tid til oppfølging 34,5 min
x 2 lærarar: = 69 min
induviduell oppfølging pr elev: 69/24= 2,9 min
Døme: to trinn á 12 elevar
Skuletime 45 min
Fellesundervisning: 10,5 min
Tid til oppfølging: 34,5 min
Induviduell oppfølging pr elev: 34,5/12 = 2,9 min
Her var det like mykje undervisning til alle elevane. Men det siste eksempelet er likevel dyrast. Sjå på bruken av lærarresurssar:
Døme 1: 71 + 10,5 min = 81,5 min
Døme 2: 45 x 2 = 90 min,
I ein større skule får ein utnytte lærarresurssane betre enn i ein liten skule.
Konklusjon: Større skular gjev meir effektiv bruk av resurssar og betre tid til individuell oppfølging.
Identitetsøkonomi: «Dersom skulen blir lagt ned har ikkje bygda nokon samlingsstad lenger». Har du høyrt argumentet før? Skulebygget blir brukt til undervisning i ca 6 timar kvar dag – på den tida som dei aller fleste er opptatt på jobb. Bygget som skulen helt til i kan nyttast som samlingsstad etter skuletid. På fritida til folket i bygda.
Mitt poeng er at ein skule skapar ikkje identiteten til bygda. Det er det bygdafolket som gjer med sitt engasjement i ungdomslag, 4H-klubbar, bondelag, husmorslag, idrettslag osv. For å utøve aktiviteten hjelper det med eit felles bygg. Om det er et samfunnshus, bedehus eller nedlagt skule har ingen betydning. For skulen i seg sjølv skapar ikkje identitet. Det er bygdafolket, gjennom sitt virke, som er «aktivum» når det gjeld å bygge identitet.
Humanøkonomi: «Det er tryggare for ungane å gå på ein liten skule der dei kjenner alle frå før». Tja, En kjenner dei som er snill og veit av dei som er slem. Kor mange venner ein får på skulen er avhengig av kor mange der er på sitt eige alderstrinn. Jo mindre skule jo færre er det ein kan bli venn med. På ein større skule er det lettare å treffe nokon som ein kan bli bestevenn med, ikkje berre venn fordi det ikkje er andre å leike med i friminutta.
Betre tilbud på SFO: Med større einingar får ein betre nytta resurssane i SFO. Uavhengig av størrelsen på SFO tilbudet så må ein ha ei minimumsbemanning. Det kostar å ha minst to på arbeid på to ulike stadar dersom behovet ikkje er større enn at det kunne vore dekka med to eller tre på ein SFO.
Til slutt:
Her har eg berre drøfta nokre av temane rundt det å slå saman to mindre skular til ein større. Eg trur at det som er bra for kommuneøkonomien her også er bra for ungane. «Folk treng hus og hus treng folk« syng Kari Bremnes. Levande bygder treng engasjerte innbyggjarar, berre på den måten kan bygdene utvikle seg og bli ein bra plass og bu for både barn og voksne. Skulebygga i seg sjøl er ikkje like viktig.