sept 01

Her om dagen sjekka eg kven av dei eg følgjer på twitter som ikkje hadde twittra på ei stund. Og det var jo faktisk ein del. Men skal ein gjere noko med det? Eg rådspurte mine følgjera på twitter og fekk svar: Unfollow.

Men og fekk også spørsmål om kva verktøy eg benytta meg av. Untweeps.com leverer tjenesten der eg sjekkar kven som er, iallefall litt, aktiv. Enkelt og greit. Angi kor lang «twitter-pause» du tåler frå dei du følger og untweeps lagar lista til deg. Deretter kan du hake av for dei du ikke ønsker å følge lenger.

Men om vi droddlar litt for og imot. Kvifor skal eg slutte å følge dei? Den einaste grunnen eg finn er at det vil utjamne differansen i antallet mellom dei som følgjer meg og dei eg følgjer. For om dei ikkje twittrar, så merkar du ikkje at dei er borte.

Kvifor skal ein fortsatt følgje dei som ikkje har twittra på lenge? Det  kan være fordi du har særskilt interesse for personen (stalker!). Eller du har stor tru på at vedkommande byrjar igjen. Kanskje set på pris på kvaliteten til tweets denne personen har.

Så eigentleg er det enklast å ikkje sjekke kven som skjeldan twittrar. Det tek jo lengst tid.

 

Leave a Reply

*
preload preload preload
Blogglisten