Wlan 4 fun
Vis meg ditt wlan og eg kan fortelje deg kven du er! Vel kanskje ikkje vitenskapleg, men i allefall med eit skrått blikk. Eg trur at valg av navn på private nettverk kan gjennspegle eigarens interesser og haldningar. Fantasien er det iallefall ikkje noko å seie på. Under følgjer et utval av navn til trådlause nettverk som eg har drodla litt over. Kanskje kjenner du til nettverk som har, eh, unike navn.

Lillefot – er en dinosaurunge – og helt. Så dette må tilhøyre nokon som har barnet i seg. I dette tilfellet er det faktisk nettverket til ein barnehage. Vil nok tru at dei som arbeidar der har beholdt barnet i seg. I tillegg er dei mest truleg også heltane til alle ungane som går der.
eat my dust – eit navn med klar haldning. Kanskje tilhøyre det ein “gamer”.
Kongeriket – ingen tvil om kven som vil være sjefen i gata.
prinsessenett – ung og singel, brukar for det meste høge hælar når ho er ut og går.
tuppa – også ung og singel, men trivest best i kose-dressen.
GIGABYTE – her er det størrelsen som teller. Kanskje stor på både opp- og nedlasting av filmar.
Tykjenett – tullar ikkje med denne eigaren. Tvilar på at det er ein kyrkegjengar, har heller kontaktar andre vegen.
GalleAir – kan eigaren være litt surmaga?
tullball – ein humorist.
Hvitvin – hver helg.
Radionette – PV849A, eller ein annan amatørradiooperatør.
virus.infisert – Klar advarsel om at ein ikkje bør hacke dette nettverket.
Kjenner du navn på nettverk som triggar fantasien. Kom gjerne med innspel.

Siste kommentarer